Fredag 18. juni var det sommaravslutning for dei tilsette ved Bygland oppvekstsenter på Ose. Tre lærarar takka for seg
Dei tre lærarane var Siv Toril S. Jensen som har vore tilsett i 14 år. Ho har no flytta til Vennesla og skal til vinteren arbeide ved Kvarstein skule. Dei to andre var Turid S. Greibrokk som har vore tilsett i heile 27 år, og Bjarne Nordgarden i ikkje mindre enn 37 år. Han var blant dei fyrste lærarare ved ungdomsskulen på Bygland. Han kunne mellom anna fortelje at han fekk lønninga i lønningspose, og den fyrste månadsløna som lektor var ca. 3000 kr. Dei blei alle heidra med fine ord og gåver. Både Turid og Bjarne blir no pensjonistar. Det blir ikkje lett å erstatte dei kunnskapene og erfaringane som desse lærarane representerer.